Exploring the Kingsroad

Cycle the full stretch

Facts

Duration
2-4 days
Distance
110 km.
Difficulty
Beginner
Available periods
1st. May - 15th. October

Description

We apologize for this text not beeing available in English yet.

Sykkelruta på Kongevegen over Filefjell følger same rute som turvegen kongevegen, men har fleire alternative trasear på grunn av alle vegomleggingane gjennom historia.

Sjå «Vis i kart» oppe til høgre.

Denne omtalen av sykkelruta byrjar i aust i Vang og held fram mot vest og Lærdal:

Vang - Tyinkrysset
Start ved til dømes Bøflaten camping vest for Vang sentrum og sykle på gangsti mot sentrum og vidare til Søndrol der første delstrekning og første autentiske kongevegvegstrekning, Kvamskleive, byrjar. 

Denne 4,7 kilometer lange strekninga på gras/naturgrunn vart teken i bruk i 1808 og avløyste kongevegen som til då hadde gått på andre sida av Vangsmjøse. Vegen vart bygt bratt. Kjem du austfrå stig dei første kilometrane 150 av totalt 250 meter. Det betyr at det er bratt ned att om du startar som føreskrive i denne teksten.

Frå Søndrol syklar du i normal oppoverbakke til du kjem til ein idyllisk blanding av skog og kulturlandskap i det du passerer den gamle lensmannsgarden Kvam. Skilt her viser veg til det gamle, restaurerte lensmannstunet, der gardsfolka til visse tider opnar for servering og omvisning. 

Etter dette syklar du med ei fantastisk utsikt over bygdelaga i Vang, Vangsmjøsa og fjella. Her har tidas tann fått murane til å rase ut, og du kan sjå dagens E16 langt der nede. 

Deretter passerer du «Galden», «Saubekken» og startar nedturen mot «Raude skreda» der du syklar på relativt flat og grasgrodd veg. Etter det går turen bratt nedover, og i den siste bratte nedoverbakken vil du finne skiltet «Tørisgalden». Ved veis ende er du nede på parkeringsplassen ved Neset.

Sykkelturen går vidare 800 meter austover langs E16 til Hemsingbrue, der du tek til på delstrekninga «Vennisvegen»

Vennisvegen går gjennom bygdene på nordsida av Vangsmjøse. Du syklar forbi varierte kulturminne. Vegen går på grus. Sykkelruta er lagt her saman med turvegen kongevegen fordi det er fleire attraksjonar å sjå, og fordi det er tryggare enn langs E16.

Du startar med å sykle svingane opp til Remisåsen. Fjella du har føre deg medan du syklar vestover er Grindane (1724 moh.) Bak til venstre har du grønkledde Hugakøllen (1131 moh). 

Ved Lerhol passerar du garden til riddaren Sigvat Leirholar, som røva ei jente i Gudbrandsdalen. Riddarstøga står framleis, og er Norges eldste ikkje-kyrkjelege bygg - frå 1300-talet. Stova kan besøkast etter førehandsavtale med folka på garden.

Ta ein avstikkar ned til gravhaugane på Lerhol (følg skiltet som viser «Gravhaug»). Ei av gravene er opna, og du kan krabbe ned i steinkista der den døde vart lagt ein gong rundt år 400 e. Kr. (eldre jarnalder).

Når du er komen fram til bygda Vennis går du gjennom vakkert beiteland. Er det varmt i veret kan du ta deg ein avbrekk ved Sparstadsanden og studere dei fem fjøresteinane (gravsteinane) som står der.

Ta deg ein pause ved den gamle furuskogen på Leine (rasteplass, benk og toalett). Her stod det 13 kverner i si tid, men bortsett frå ei, gjekk alle tapt i eit jordras under storflaumen i 1860. Fire av kvernhusa er bygd opp att.

Sykle eit stykke til og du oppdagar kvifor kongevegen aldri vart lagt på denne sida av Vangsmjøse. Det massive fjellpartiet «Kløvningadn» sette effektiv stoppar for det. Her var kun ei trong passasje og ikkje før i 1959 vart den utvida til ei bilbreidd.

Like etter kjem du til «Kviture», ein annan grunn til at kongevegen ikkje vart lagt hit. Den 200 meter breie rasvifta vart rekna som farleg fordi ho alltid var i rørsle, og difor aldri mosegrodd, men heldt seg «kvit».

Turen gjennom Vennis byr på edellauvskog, alm og hassel. Grunnen er fyllittberggrunnen og at bygda ligg solvendt.

Ved Lunde kan du ta av på Lundevegen og følge pilegrimsvegen på utsida av tunet Lunde til E16 ved Eltun i Øye. Dersom du går 350 meter tilbake mot aust langs E16, kan du besøke Øye stavkyrkje frå cirka år 1200. 

Strekninga frå Hemsing bru til Øye stavkyrkje er om lag 18 kilometer lang.

Syklar du heller rett fram og sløyfer Lunde og Øye stavkyrkje, endar du ved E16 att. Her tek du Støndafjordvegen og følger denne opp dalen. Etter å ha sykla forbi Støndafjorden, ta ein liten avstikkar til Grihamar milestein, som står oppe ved E16. Den er eit veghistorisk kulturminne eldre enn kongevegen, frå 1687.

Frå Olshølbrue går kongevegen vidare på vestsida av Begna oppover mot Varpebrue (Varpe bru). Kongevegen går gjennom tett granskog før du nærmar deg fjellet og møter fjellbjørk og hei.

Typisk for måten dei bygde kongevegen på, bølger vegen opp og ned mens den stig sakte mot Varpe bru. Ved brua må du krysse E16. Her er det 80-sone.

Vegen vidare gjev ei fin sykkeltur langs Fløgstrøndfjorden. Rett før Kølabrune (Kølabrua) er det kraftig stigning før området flatar ut fram til Tyinkrysset.

På Tyinkrysset er du komen 900 moh. Grenda har hytter, skiheis, overnatting, butikkar og servering. Du kan overnatte og spise hjå Filefjellstuene og Tyinkrysset fjellstue, eller sykle 7,7 kilometer til og ete/overnatte på Kyrkjestølen.

For fleire detaljar om turen les teksten på vandrestrekningane Kvamskleive, Vennisvegen og Øye stavkyrkje-Tyinkrysset

Tyinkrysset - Maristova

Ruteskildring er under utarbeiding.

Maristova - Borgund

Ruteskildring er under utarbeiding.

Borgund - Lærdalsøyri

Ruteskildring er under utarbeiding.

 

 

 

 

 

Asphlat Gravel Grass